Panna cotta utan sukker

Frisk og sunn dessert som du kan nyte når du vil.

 

Tidsbruk

Enkel - 30 minutt

Du treng

0,5 dl Husholdningssaft eller skogsbærsaft utan tilsett sukker (ikkje utblanda)

200 g frosne bær

200 g naturell youghurt

2 ss sukrin+ (eller anna søtning tilsvarande 4 ss sukker)

4 plater gelatin

 

Slik gjer du

  1. Ha skogsbær, sukrin+ og saft i ein kjele. Kok opp under omrøring. Mos blandinga med stavmiksar

  2. Bløytlegg gelatinplatene i kaldt vatn i 3-4 minutt til dei er mjuke, klem ut vatnet og tilset i den varme blandinga.

  3. Tilset yoghurt og bland godt. Hell over i 2 porsjonsformer. Sett i kjøleskåp i 3-4 timar. Kan med fordel lagast dagen før.

  4. Server med ein litt søta naturell yoghurt og gjerne litt friske bær eller granateple.

 

Bildegalleri

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Rabarbradessert

Neste
Neste

Moltesorbet