Moltesorbet
Smakfull og frisk moltesorbet som imponerer smakssansane.
Tidsbruk
Enkel - ca 3 timar
Du treng
1 glas Heimfrå moltesyltetøy
1 stk lime
1/2 sitron
1 stk eggekvite
Slik gjer du
Hell "Heimefrå Molte" og safta frå sitron og lime i ein kjele, og kok forsiktig opp. La det småkoke i 2 minutt og trekk derretter kjelen av varmen.
Hell bærmassen i ei sil og press igjennom så mykje som mogleg. Hell innholdet som gikk igjennom sila i eit desilitermål og fyll på med vatn til du har totalt 4 dl. Avkjøl heilt i kjøpeskapet.
Medan blandinga avkjølast piskar du eggekvite til ei stiv masse. Vend deretter den stivpiska eggekvita inn i den avkjølte bærblandinga.
Hell blandinga over i ein boks og sett i frysaren i cirka to timar. Rør i sorbeten cirka kvar halvtime under innfrysinga. Ved å røre jevnlig unngår du at det dannast iskrystallar som øydelegg den fløyelsmjuke konsistensen som ein sorbet bør ha.Når sorbeten er stivna kan den nytast med riven sjokolade og litt ”Heimefrå molte” på toppen. Smakar også fortreffeleg med karamellsaus.