
DEN GODE SMAKEN FRÅ SOGN
I Sogn har kjærleiken og kunnskapen til foredling av frukt og bær gått i arv i Lerum-familien gjennom fleire generasjonar. Dette har gitt oss den gode smaken til Lerum-syltetøy.
Lerum 80 % FRUKT & BÆR
80 % FRUKT & BÆR har mykje bær utan noko tilsett sukker. Syltetøyet har få kaloriar i tillegg til å være naturleg rik på fiber. Syltetøyet har ein frisk og god smak av bær. 80 % Jordbær får stadig utmerkelsar for sin gode smak og kan skilte med Superior Taste Award.

Lerum Originalsyltetøy
I over 117 år og gjennom 4 generasjonar har Lerum-familien laga syltetøy av dei beste råvarene og med tradisjonsrike oppskrifter. Originalsyltetøyet er eit friskt og godt kvalitetssyltetøy til heile familien. No har vi fjerna noko av sukkeret for å gi ein enno betre smak. Berre prøv!
Lerum Originalsyltetøy
- utan tilsett sukker
No kan du få den gode smaken av Originalsyltetøy - heilt utan tilsett sukker. Syltetøyet smakar friskt og godt og kan nytast kvar dag.
Lerum Klem
Klem-serien er laga av dei beste bæra som er mosa og sylta – heilt utan bitar. Flaska har 50 % resirkulert plast og er praktisk både heime og på tur.
Lerum Heimefrå
Heimefrå er eit syltetøy laga på gamlemåten. Smaken vart til første gong i 1907 på Sørheim gard i Sogn. Heimefrå er i dag, som då, laga med stoltheit, kjærleik og masse friske bær.