kaupanger-fabrikk.jpg

Omvising

Velkommen til fabrikken vår på Kaupanger

For å møte krav til kapasitet og kvalitet bygde Lerum i 1993 eit framtidsretta anlegg for produksjon og tapping av drikkevarer. Fabrikken er tilrettelagt for omvising.

Ta gjerne kontakt for omvisning, post@lerum.no.

Bilmuseum på Kaupanger

Bjarne Lerums Bilmuseum er ei bilsamling som tel 24 bilar. Bjarne Lerum var 3. generasjon Lerum. Han var teknisk direktør i familiebedrifta og hadde stor lidenskap for bilar. Bilinteressa førte til ei unik bilsamling, og eit eige bilmuseum.

Han brukte mykje av fritida si på bilane. Bjarne døydde i 2010, og døtrene, Gro, Bente og Trine overtok bilsamlinga.

I dag er bilmuseumet ope for omvising etter avtale.

For omvisning, ta kontakt med Bente Lerum Lund:

Tlf: 48 26 46 59
E-post: bente@lerum.no

www.bjarnelerumbil.no

_80B3304-2-41.JPG

Garden på Sørheim

Det heile starta på denne garden for meir enn 110 år sidan. Det var her lidenskapen til foredling av gode råvarer vaks fram til å bli Lerum saft og syltetøy. Generasjonar seinare lever tradisjonane stolt vidare, og garden står framleis.

I den første fabrikken, Safthuset, får du sjå korleis safting og sylting gikk føre seg for meir enn 110 år sidan, og i landhandelen,Bui, får du sjå korleis handelen føregikk. I Bui er det og sal av saft, syltetøy og diverse kioskvarer. Vi har sesongope etter avtale frå 1. mai - 1. oktober. Velkommen skal du vere!

For omvising, ta kontakt med Hallvard Sørheim Evjestad

Tlf: 47 24 05 80
E-post: hallvard@lerigard.no

www.lerummuseum.no

lerumsørheim.png