Historie
Inst inne i Sognefjorden i den vesle veglause grenda Sørheim, budde oldeforeldra våre Kari og Nils Lerum. Dei bygde seg hus, og starta landhandel i kjellaren i 1905. I Bui, som landhandelen heitte, var det sal av ulike handelsvarer. Mykje av handelen gjekk føre seg i form av byting av varer. Kari og Nils tok i mot varer og sende dei vidare til Bergen med båt.
Ein augustdag i 1907 stod det att to stampar med bær på kaien etter at båten var reist til Bergen. Då tenkte Kari at desse bæra må vi gjere nytte av, og ho tok dei med på kjøkkenet og kokte saft av dei. Saftflaskene sende dei med neste båt til Bergen. Safta vart ein suksess, og etterspørselen auka. I to år kokte Kari og Nils saft på kjøkkenet sitt.
I 1909 bygde Kari og Nils den første saftfabrikken, Safthuset, på Sørheim. Det er fantastisk å tenkje på kor framsynte dei var på den tida, og kor modige dei var som satsa slik dei gjorde. På Sørheim kokte dei saft og syltetøy fram til 1918. Då produserte dei 40 000 liter saft og 20 000 kg syltetøy. Dei to bærstampane frå 1907 begynte verkeleg å «bære frukter». Men isen på Lustrafjorden skapte vanskar vinterstid.
I 1919 vart produksjon flytta til Sogndal, midt i det beste frukt og bærdistriktet i landet. Stadig fleire sette pris på den gode safta. Etter kvart kom syltetøy og juice til, og vart faste gjester på norske kjøkenbord. Fire generasjonar etter den første saftdråpen er Lerum den suverent største produsenten av ekte saft i Norge.
Bestefar vår, Karl Lerum, tok over som 2. generasjon i 1950. Han styrte familiebedrifta med stø hand vidare og i 1964 bygde han ny fabrikk i Sogndal. Etterkvart kom fedrene våre, Kåre og Bjarne inn i bedrifta, og i 1970 tok dei over som 3. generasjon. Åra vidare var prega av stadig nye satsingar etterkvart som Lerumprodukta fann sin plass i marknaden.
I 1993 stod ny fabrikk med 17000 kvadratmeter klar på Kaupanger. Saft og syltetøy hadde då fått følgje av både jus og brus. Kåre og Bjarne var gründerane som utvikla bedrifta med nye moderne produksjonsanlegg.
I 2005 var vi i 4. generasjon klar for å overta familiebedrifta. Det var ingen sjølvfølge, men eit felles sterkt ønskje frå oss alle. Bedrifta hadde vi vakse opp i og viljen til å føre den vidare var noko som sat i hjarta våre. Frå å vere ei produksjonsretta bedrift, var tida no inne til å satse meir på marknadsføring og produktutvikling. Nye produktseriar og nye investeringar vart ein del av kvardagen vår.
I 2007 var det med stoltheit vi feira 100 årsjubileum i familiebedrifta. Dette er logoan som oldefaren vår, Nils, teikna sjølv. Bæra og tannhjulet symboliserer råvarene og industrialiseringa på den tida.
I 2016 tok vi beslutninga om å samlokalisere all drift på Kaupanger, og i 2018 kunne vi opne ny syltetøyfabrikk og nytt kontorbygg, alt samlokalisert på fabrikkanlegget på Kaupanger. Vi er stolte av den nye fabrikken vår, alle dei flinke tilsette og produkta vi skapar saman. Vi er ein stor Lerumfamilie.
Kjærleik til ekte vare går i arv.