Om oss
I Saftbygda skal vi lage verdas beste smak av frukt og bær!
Ekte | Stolt | Ærleg | Engasjert
Lerum sidan 1905
Inst inne i Sognefjorden i den vesle veglause grenda Sørheim, budde oldeforeldra våre Kari og Nils Lerum. Dei bygde seg hus, og starta landhandel i kjellaren i 1905.
I Bui, som landhandelen heitte, var det sal av ulike handelsvarer. Mykje av handelen gjekk føre seg i form av byting av varer. Kari og Nils tok i mot varer og sende dei vidare til Bergen med båt.
Lerumfabrikken
I 2018 opna vi ny syltetøyfabrikk og nytt kontorbygg, alt samlokalisert på fabrikkanlegget på Kaupanger i Sogn. Vi er stolte av fabrikken år, alle dei flinke tilsette og produkta vi skapar saman. Vi er alle ein stor Lerumfamilie.
Vi har 6 produksjonslinjer for saft og jus, og 6 linjer for syltetøy. Totalt areal er 28000 m2, og fabrikken er tilrettelagd for omvising.
Eigarskap
Kurt, Grethe Kristin, Bente, Gro og Trine Lerum er dagens eigarar. Vi er 4. generasjon, og alle har sitt daglege virke i bedrifta. Vi er stolte og audmjuke over det våre forfedre har skapt, og vidarefører lidenskapen til foredling av ekte frukt og bær.
Kjærleik til ekte vare går i arv!