Juleprodukt

Lerum julebrus er vorte ein tradisjon for mange når jula nærmar seg. Lerum julebrus er ein raud variant med smak av bringebær, og med ein fin og klar farge, som er med og skapar julestemning for både store og små. Vi har og ein sukkerfri variant som har fått terningkast seks for sin gode smak.

Lerum julebrus

Lerum julebrus er vorte ein tradisjon for mange når jula nærmar seg. I 2006 bestemte vi oss for å avvikle produksjon av brus, og då fall også julebrusen vår ut. Men, det vart eit opprop for julebrusen, og vi valde å høyre på dei som ikkje kunne feire jul utan. Lerum julebrus er ein raud julebrusvariant med smak av bringebær, og med ein fin og klar farge, som er med og skapar julestemning for både store og små. I 2013 lanserte vi julebrus utan tilsett sukker, ein variant som er etterspurd av mange. No får du den i butikkane på Vestlandet. I tillegg kan du spørje etter den på alle Meny, Spar og Joker

Lerum julegløgg

Denne gløggen har vi i Lerum laga på “heimebane” i mange år, men i 2018 fann vi ut at den må lagast klar på flaske, slik at fleire får smake den. Den har vorte veldig godt mottatt, spesielt fordi den er laga av mykje ekte frukt og bær. I ei flaske gløgg er det 1 kg råvarer. Kos deg gløgg!