Syltetøykjeks

Syltetøykjeks med Lerum sitt nydelege Klem bringebærsyltetøy. Klem er laga av dei beste bæra som er mosa og sylta – heilt utan bitar.

 

Tidsbruk

Enkel - 60 minutt

Du treng

200g smør

1 egg

5 dl kveitemjøl

2,5 dl sukker

0,5 ts bakepulver

Lerums Klem Bringebærsyltetøy

Tips

Om du ønskjer, kan du tilsetje litt meir syltetøy i gropene medan kjeksa er varme.

 

Slik gjer du

  1. Set omnen på 180 grader. Ha smør og mjukt sukker i ein bolle. Pisk saman til du får ein kremaktig og lys blanding. Ha i egg og pisk godt.

  2. Tilset deretter kveitemjøl og bakepulver og bland saman til ein mjuk deig. Bruk ei spiseskei til å forme ei kule i hendene. Legg kulene på eit steikebrett med bakepapir. Trykk kulene litt flate og dytt ein finger i midten for å lage ei grop. Eventuelt kan du kjevle ut deigen og bruke ei stjerneform for å få søte stjernekjeks.

  3. Fyll så i gropa med Lerum Klem bringebærsyltetøy. Det er både enkelt og godt. La kjeksa steike i omnen i ca 10 min til dei blir gylne.

 

Bildegalleri

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Farfars beste plommesyltetøy

Neste
Neste

Tilslørte blåbærpiker