Farfars beste plommesyltetøy

Lag ditt eige plommesyltetøy.

 

Tidsbruk

Enkel - 2/3 timar

Du treng

800g plommer

1/2 dl vann

300 g sukker

1 sitron

Tips

Vil du ha ein liten ekstra piff på syltetøyet, kok det med stjerneanis.

 

Slik gjer du

  1. Ha plommer og vatn i ein vid kjele. Plommene kan du gjerne dele i to eller fire for å korte ned koketiden litt. Plommesteinane treng du ikke fjerne enno.

  2. La plommene koke til dei er møre, og plukk ut plommesteinane etter kvart som dei flyt opp til overflata. Kor lang tid dette tek er avhengig av plommer, temperatur og størrelse på gryta, men ca 15-20 min. Trekk gryta av varmen og ha i safta frå sitron.

  3. Rør inn sukkeret, smak deg fram kor mykje som trengst etter kor søte plommene er. Rør godt slik at alt sukkeret er oppløyst. Sett kjelen tilbake på varmen og kok opp. La småkoke/putre til syltetøyet tjuknar, ca 20-30 min. Ha i stjerneanisen om du vil siste 15 minuttane.

  4. Hell det varme syltetøyet over på reine og steriliserte glass og skru på lokket med det same. Set glasa opp ned. La stå i 2 timar. Oppbevar syltetøyet mørkt og kjøleg, og i kjøleskap etter opning.

 

Bildegalleri

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Heimelaga raudkål

Neste
Neste

Syltetøykjeks