Kaldheva brød og rundstykke

Heimefrå er eit syltetøy laga på gamlemåten. Smaken vart til første gong på Sørheim. Heimefrå er i dag, som då, laga med stoltheit, kjærleik og masse friske bær. Heimefrå syltetøy smaker ekstra godt på nybakte rundstykker og brød.

 

Tidsbruk

Middels - 60 minutt

Du treng

11 dl mjølk (kan erstatte noko av mjølka med vatn)

5 dl Lerum Eplejus

1 ss salt

3 dl matolje

50 g fersk gjær

6 dl havrvegryn

4 dl grov sammalt kveite

2 kg kveitemjøl

 

Slik gjer du

  1. Bland all veske saman, rør ut salt og gjær. Bland saman mjølet og kna alt godt saman.

  2. Trill ut ca 40 rundstykker eller del deigen i 3 deler og fordel i 3 brødformer.

  3. Dekk rundstykke/brød med plast og set i kjøleskap natta over.

  4. Set direkte i varm omn 4 c i 30 min. Skru opp varmen til 200c og steik i 15-20 min. Server med Lerum Heimefrå syltetøy.

 

Bildegalleri

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kjøleskapsgraut med kirsebærsyltetøy

Neste
Neste

Bringebær- og kirsebærsmoothie