Grove deilige vafler og pannekaker

Prøv deg på Linda Stuhaug si oppskrift på grove vafler. Perfekt til turmat!

 

Tidsbruk

Enkel - ca 25 minutt

Du treng

2 overmodne bananer eller 100g ekstra kesam/youghurt

200 g vaniljekesam (eventuelt youghurt)

4 egg

200 g havremjøl

100 g valfritt mjøl

2 ts bakepulver

1 ts kardemomme og 1 ts kanel

Tips

Oppskrifta gir ca 6 vafler eller 15 pannekaker

 

Slik gjer du

  1. Køyr banan og egg klumpfritt med stavmiksar, rør inn resten av ingrediensane. La røra svelle i minst 5-10 minutt, og juster eventuelt med litt væske eller mjøl. Røra skal vere litt fyldig.

  2. Steik vafler og/eller pannekaker på litt over middels varme. Skal du ha dei med på tur: avkjøl før du pakkar dei ned i ein matboks.

 

Bildegalleri

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Moltekrem

Neste
Neste

Blåbærdessert