Saus til riskrem
Nydeleg saus med solbærsirup. Perfekt til riskrem.
Tidsbruk
Enkel - ca 10 minutt
Du treng
5 dl vatn
2 dl Solbærsirup
Ca 1 ss potetmjøl
Tips
Bruk den safta du likar best, her passar både Solbærsirup og Husholdningssaft
Slik gjer du
Bland saft og vatn til ei passeleg sterk blanding, gjerne litt sterkare enn til vanleg saft.
Rør potetmjølet ut i litt kaldt vatn. Varm opp saftblandinga, tilset potetmjølblandinga litt og litt. Raud saus skal vere jevn og fyldig, men ikkje for tjukk.
Avkjøl og ha sausen oppi ein mugge.
Strø litt sukker over, slik at det ikkje blir snerk på sausen. Server sausen avkjølt. Her kan du og variera sausen med å bruka Lerum Solbærsirup, eller vanleg Husholdningssaft.