Vi har vunnet pris for nytt plastgrep

Lerum vant Plastløfteprisen for «Reduksjon av unødvendig plast».

I Lerum har vi relansert ei meir berekraftig saftportefølje. Vi har mellom anna kutta plast i flaskene, fjerna unødvendige etikettar, kutta strekkfilm og gått over til meir optimale flasker med betre fyllingsgrad og mindre plast – noko som òg har ført til mindre svinn. Desse tiltaka har resultert i ein plastreduksjon på heile 61 tonn i 2024.

Lerum mottok prisen på Sommero 9. april, og uttalte:

– Dette set vi utruleg stor pris på. Vi har gjennomført store endringar som ikkje hadde vore mogleg utan leverandørane våre, tilsette – og ikkje minst kundane. Vi må òg takke Grønt Punkt Norge for at dei løftar fram slike tiltak. Det gjev oss inspirasjon til å halde fram, seier Hans Christian Bjerketveit, som er direktør for forretningsutvikling i Lerum.

Her kan du lese meir om Plastløfteprisen.

Hans Christian Bjerketveit i Lerum. Herman Ekendahl-Dreyer / Grønt Punkt Norge

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Rekordår i 2024