Lerum + Solfrid Koanda

OL-gullvinnar og årets kvinnelege utøvar Solfrid Koanda er Lerum sin ambassadør. Vi er so stolte av å kunne samarbeide med dette usedvanleg fine menneske.

Solfrid tok OL-gull i Paris med Lerum 80% frukt og bær i sekken. Vi skal heie på ho i alt frå VM i Førde (i oktober 2025) til OL i Los Angeles i 2028.

Solfrid er ein av Noregs best likte idrettsutøvarar. Ho er født i Finland (finsk mor og ivoriansk far), men flytta til Noreg som 9-åring. Som 20-åring vart ho oppdaga av ein trenar i vektløftarmiljøet , og 4 1/2 år seinare tok ho OL-gull!

– Ho er ein inspirasjon for menneske i alle målgrupper. Vi er stolt av å samarbeide med Solfrid, seier Trine Lerum Hjellhaug, adm. direktør.

Mål for 2025

Solfrid sine hovudmål i 2025 er EM i Moldova 13.-21. april og VM i Førde 3.-12. oktober. Solfrid er regjerande europameister. I tillegg har ho fem VM-gull frå før. Ho sto over VM i 2024 på grunn av OL, men no vil ho vinne på heimebane.

Her kan du sjå video frå besøk hjå Lerum:

Solfrid representerer:

  • At draumar kan bli til verkelegheit

  • Sunnheit

  • Inspirasjon

  • Dedikasjon

  • Positivitet

  • Mental styrke

  • Kvalitet

  • Truverdigheit

  • Potensial

Utvalde merittar og prisar

  • VM-gull i 2021

  • Tre VM-gull i 2022 (rykk, støyt og samanlagt)

  • Tre EM-gull i 2022

  • Tre EM-gull i 2023

  • VM-gull i 2023

  • Tre EM-gull i 2024

  • OL-gull i 2024

  • «Årets kvinnelege utøver» i Noreg, Idrettsgallaen 2025

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Rekordår i 2024

Neste
Neste

– For tre år sidan hadde eg ikkje trudd at eg skulle stå her