Lagt merke til noko nytt på syltetøyglasa våre?

Vi har gått saman med Too Good To Go i kampen mot matsvinn.

– Dette er eit kjempebra initiativ som vi vil  vere med på. Vi har merka produkta våre for å gi folk eit lite «dult», eller ei påminning, om korleis dei kan kaste mindre mat ved å nytte syltetøyrestar i smoothie eller restar av tyttebærsyltetøy i saus, fortel Marte Myklebust Åril, marknadssjef i Lerum.

­– Mange forbrukarar har fleire syltetøyglas i kjøleskapet der siste rest ikkje alltid blir brukt, spesielt tyttebærsyltetøy, legg ho til.

10 % av klimagassutsleppa

Lerum har inngått eit samarbeid med «Too Good To Go», som saman med fleire aktørar rullar ut ei ny merkeordning . Saman skal vi gjere eit «kasteaugeblikk» til eit «redningsaugeblikk» - og auke fokus på matsvinn.

– Altfor mykje mat blir kasta. Matsvinn er eit kjempeproblem og står for 10 prosent av alle klimagassutslepp. Med inspirerande matreddar-bodskap på produkt som alle kjøper, trur vi at vi kan oppnå reell effekt, det vil sei mindre matkasting i heimen, fortel Johan Ingemarsson, dagleg leiar i Too Good To Go.

Tyttebærsyltetøyet har «Ver raus, siste rest er god i saus», medan dei andre syltetøya i serien har «Lag smoothie-fest av siste rest».

Merkar 80%-syltetøy

Difor vil vi i haust merke alle syltetøyglasa i serien 80 % med Too Good To Go-merket. Tyttebærsyltetøyet vil ha «Ver raus, siste rest er god i saus», medan dei andre syltetøya i serien vil ha «Lag smoothie-fest av siste rest».

– Vi er spent på responsen. Eg håper vi klarar å bidra til at folk kastar mindre syltetøyrestar, og kanskje dei til og med blir minna på å kaste mindre mat elles og, fortel Åril.

Too Good To Go-merkevara er synonym med «å ete opp» og har eit fellesskap av stolte matreddarar som er engasjerte i appen og på Instagram.

– No har vi tatt steget vidare og gått saman med dei som produserar mat, for å treffe folk enda nærmare kasteaugeblikket, for å snu det til eit redningsaugeblikk, fortel Ingemarsson.

Fyrst ut med etikettar, saman med Lerum, er Synnøve, Bakehuset og Prior. I tida framover vil du kunne sjå merkene på millionar av populære matvarer i butikken.


 

Visste du at?

  • Hushald står for 48 % av det kartlagde matsvinnet i Noreg.

  • Vi nordmenn kastar 40,3 kg mat per person per år (Norsus, 2020). 

  • Matsvinn står aleine for 10 % av alle klimagassutslepp.

  • Matsvinnet i Noreg utgjer 5000 kr per år (per privat hushald).

  • I kartlegginga frå Norsus/Matvett ser vi at forbrukarar er veldig etter på kutta samanlikna med matbedrifter. Berre eit kutt i matsvinnet på 6 prosent er målt sidan 2016 (til 2020).

Kjelde: Too Good To Go.

 

Sjå video om samarbeidet

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Mindre sukker er eit av våre viktigaste berekrafttiltak

Neste
Neste

Ved å blåse opp flaskene sjølv, kuttar vi 500 trailerlass kvart år