Mindre sukker er eit av våre viktigaste berekrafttiltak

Sukkerfri saft har gått forbi saft med sukker. No er det syltetøyet som står for tur.

– I dagens marknad er sukkerfrie produkt i ferd med å bli salsleiande. Det er produkt med mindre sukker folk vil ha, fortel Trine Lerum Hjellhaug, administrerande direktør i Lerum.

Ho har vakse opp i Lerum-eventyret og har sjølv vore sentral i sukkerfrisatsinga. No er sukkerlageret nesten tomt, ettersom Lerum har kutta 405 tonn med sukker sidan 2015!

­– Det er litt rart. Eg hugsar godt når eg var her som liten, då var sukkerlageret fylt med sukker. No nytter vi så lite at vi snart kan legge ned sukkerlageret vårt. 

Meir bær – mindre sukker, takk!

Nordmenn tek stadig sunnare val. FHI viser at sukkerforbruket er gått ned med 25 prosent i perioden 2009-2019.

– I Lerum passerte den sukkerfrie safta den sukkerhaldige for nokre år sidan, og for syltetøy vil det skje no i haust, fortel Lerum Hjellhaug.

I produktserien 80 %, er det 80 prosent frukt og bær, utan tilsett sukker. Denne serien lanserte vi for over 10 år sidan, med syltetøy som gir ein frisk og god smak av frukt og bær. Syltetøyet er tilsett litt søtstoff (isomalt og sukralose) som får fram den gode smaken av fruktene og bæra.

Og syltetøyet har fått god respons.

– Jordbærsyltetøyet er så godt at vi har fått 2 stjerner i «Superior Taste Award» frå ekspertar i meir enn 20 land. Vi er stolte og takksame for at så mange likar syltetøyet.

Når vi tar ut sukkeret, får vi plass til meir bær.

Jordbærsyltetøyet er så godt at vi har fått 2 stjerner i «Superior Taste Award»

Viktig berekraftstiltak

I tillegg har orginalsyltetøya fått variantar utan tilsett sukker.

– Trenden er at folk vel syltetøy utan tilsett sukker og at færre er skeptiske til kunstig søting. Vi synes det er flott at folk er opptekne av helse og vel sukkerfritt, så vi ønskjer å utvikle produkta slik forbrukarane ønskjer. Difor kuttar vi ut mykje sukker.

Lerum kuttar så mykje sukker at vi ser det som noko av det viktigaste vi gjer innan berekraftsarbeidet vårt.

– FNs berekraftmål nr. 2 handlar om å sikre nok, trygg og sunn mat til alle. Forbruket av sukker er framleis for høgt befolkninga ifølgje FHI, men det går ned. Då er vi glad for å kunne bidra med gi sunnare val til alle.

 

Sjå video frå laben vår:

Dave Q.Berekraft