Lagt merke til noko nytt på syltetøyglasa våre?
Vi har gått saman med Too Good To Go i kampen mot matsvinn.
– Dette er eit kjempebra initiativ som vi vil vere med på. Vi har merka produkta våre for å gi folk eit lite «dult», eller ei påminning, om korleis dei kan kaste mindre mat ved å nytte syltetøyrestar i smoothie eller restar av tyttebærsyltetøy i saus, fortel Marte Myklebust Åril, marknadssjef i Lerum.
– Mange forbrukarar har fleire syltetøyglas i kjøleskapet der siste rest ikkje alltid blir brukt, spesielt tyttebærsyltetøy, legg ho til.
10 % av klimagassutsleppa
Lerum har inngått eit samarbeid med «Too Good To Go», som saman med fleire aktørar rullar ut ei ny merkeordning . Saman skal vi gjere eit «kasteaugeblikk» til eit «redningsaugeblikk» - og auke fokus på matsvinn.
– Altfor mykje mat blir kasta. Matsvinn er eit kjempeproblem og står for 10 prosent av alle klimagassutslepp. Med inspirerande matreddar-bodskap på produkt som alle kjøper, trur vi at vi kan oppnå reell effekt, det vil sei mindre matkasting i heimen, fortel Johan Ingemarsson, dagleg leiar i Too Good To Go.
Merkar 80%-syltetøy
Difor vil vi i haust merke alle syltetøyglasa i serien 80 % med Too Good To Go-merket. Tyttebærsyltetøyet vil ha «Ver raus, siste rest er god i saus», medan dei andre syltetøya i serien vil ha «Lag smoothie-fest av siste rest».
– Vi er spent på responsen. Eg håper vi klarar å bidra til at folk kastar mindre syltetøyrestar, og kanskje dei til og med blir minna på å kaste mindre mat elles og, fortel Åril.
Too Good To Go-merkevara er synonym med «å ete opp» og har eit fellesskap av stolte matreddarar som er engasjerte i appen og på Instagram.
– No har vi tatt steget vidare og gått saman med dei som produserar mat, for å treffe folk enda nærmare kasteaugeblikket, for å snu det til eit redningsaugeblikk, fortel Ingemarsson.
Fyrst ut med etikettar, saman med Lerum, er Synnøve, Bakehuset og Prior. I tida framover vil du kunne sjå merkene på millionar av populære matvarer i butikken.
Visste du at?
Hushald står for 48 % av det kartlagde matsvinnet i Noreg.
Vi nordmenn kastar 40,3 kg mat per person per år (Norsus, 2020).
Matsvinn står aleine for 10 % av alle klimagassutslepp.
Matsvinnet i Noreg utgjer 5000 kr per år (per privat hushald).
I kartlegginga frå Norsus/Matvett ser vi at forbrukarar er veldig etter på kutta samanlikna med matbedrifter. Berre eit kutt i matsvinnet på 6 prosent er målt sidan 2016 (til 2020).
Kjelde: Too Good To Go.