1
Browniebunn
Forvarm ovnen til 175° over- og undervarme. Smelt smør i ein kjele på låg varme, trekk kjelen til sides og smelt derretter sjokoladen i den varme smørblandinga. Vips egg og sukker til eggedosis, og sikt derretter inn dei andre ingrediensane og vend godt inn med ein slikkepott.
2
Hell smørblandinga over i eggedosis-blandinga og vend godt saman. Hell røra i ein smurt rundform (20cm) og steik midt i ovnen i cirka 15 minutter. Sett kaka til avkjøling.
3
Bringebær-mousse
Legg gelatinplatene i kaldt vatn i 5 minutt. Varm opp Lerum Bringebærsyltetøy 80% bær i ein kjele på middels varme. Klem vatnet ut av gelatinplatene og rør dei inn i det varme syltetøyet.
4
Miks syltetøy-blandinga godt med ein stavmiksar, og tilsett deretter kremost, melis og vaniljesukker før du miksar vidare. Pisk kremfløte til krem, og vend den derretter inn i syltetøy-blandinga med ein slikkepott. Fordel massa utover den avkjølte brownie-bunnen og sett kaldt i cirka 2 timar.