Visste du at berekraft er årsaka til safting og sylting?
Då Lerum starta for 115 år sidan var det med mål om å verne og foredla frukt og bær. I ei tid med knappe ressursar og måtehald var det viktig å ta vare på dei gode råvarene på best mogleg måte, og ingenting skulle kastast.
I dag er det 4. generasjon som eig og driv Lerum, men det heile starta ein augustdag i 1907. Då stod det att to stampar med bær på kaia inst i Sognefjorden. Kari Lerum tenkte at desse bæra må vi gjere nytte av, og tok dei med på kjøkkenet og kokte saft av dei.
Resten er historie, for kjærleiken til frukt og bær lev framleis i beste velgåande i Sogn.
– Vi føler at alle i Lerum er ein stor familie med kjærleik til frukt og bær, og er stolte over at «vetle» Lerum frå Sogn no er marknadsleiar på både saft og syltetøy, fortel Trine Lerum, ho driv Lerum som den fjerde generasjon i rekkja.
Berekraft i over 100 år
Har du nokon gong tenkt på at saft og syltetøy starta med nettopp berekraft? Frukt og bær måtte bevarast og foredlast, og safting og sylting blei løysinga.
Derfor er fabrikken i Sogn i dag lidenskapeleg oppteken av foredling, og har lenge vore ein lokal pådrivar for berekraftig utvikling.
Gjennom forelding tek man vare på både naturen, menneska, ernæring og lokalsamfunnet som vi er ein del av. For Lerum betyr det å vere best på det dei kan, nemleg frukt og bær.
– Vi forvaltar ei arv frå oldeforeldre våre, det inneber eit ansvar for å bringe detta vidare til framtidige generasjonar, seier Lerum.
Ei stolt arv
Dei aller fleste nordmenn får i seg for lite frukt og bær. Både saft og syltetøy har mykje frukt og bær i seg, og har den store fordelen med lang haldbarhet.
– Saft og syltetøy for meg betyr fantastisk god smak, og gode og sunne produkt av frukt og bær, seier Lerum.
Med stolte handverkstradisjonar lagar dei 135 tilsette ved Lerum fabrikken saft og syltetøy som inneheld heile 80 prosent bær.
– Eg trur oldeforeldra våre hadde vorte overraska over at det mest populære syltetøyet er utan sukker og med heile 80 prosent bær, fortel Lerum.
Har du restar kan du til dømes bruke syltetøyet i smoothie. Eller, har du tyttebærsyltetøy ståande så kan du bruke det i gryterettar eller sausar. Det gir ein ekstra god smak på maten.