Samarbeid med Vite Meir
ViteMeir er eit vitensenter i Sogn og Fjordane.
Vitensentra inspirerer barn og vaksne til å utforske og søke ny kunnskap, og samarbeider med skuleverket om å utvikle kunnskap som samfunnet og næringslivet treng i framtida.
Dei hadde samla inn frukt på butikkane i Årdal før dei kom til Kaupanger og fekk laga saft og syltetøy i lag med Lars. Elevane var kjekke og flinke, og me trur dei også var godt nøgde med eigen produksjon.
På ViteMeir senteret i Sogn og Fjordane kjem det ein SmaksLab som skal skape interesse for og spreie kunnskap om mat, matteknologi og ernæring.
SmaksLab skal kople skulane med kunnskapen og kompetansen som finst om mat i nærområdet, og skape ein arena for samarbeid, læring og rekruttering.
Lerum og ViteMeir lagar eit Frukt- og bærakademi der det blant anna skal bli jobba med matsvinn. Lerum Frukt- og bærakademi vil vera ein bidragsytar for å redusere mengda av frukt og bær som vert kasta fordi dei ikkje vert seld. Det skal gjerast ved å ta med skuleelevar i småskala- produksjon av jus, syltetøy, saft og andre produkt. Gjennom systematisk innsamling av frukt og bær frå butikkar (evt også private og offentlege hagar i sesong) hentar elevar inn råvarer til eigen produksjon med frukt- og bærpresse og kokekar. I denne prosessen får dei òg innsyn i ei produksjonskjede frå råvare til matprodukt, prøvd teknikkar og metodar for produksjon, og utforska korleis matval og matforbruk kan påverke miljøet, klimaet og matsikkerheita.