Etisk handel er viktig fokus i Lerum
Lerum arbeider for ein berekraftig forretningspraksis som respekterer menneske, samfunn og miljø. Vi har difor utarbeidd ein Policy for berekraftig forretningspraksis som saman med etiske retningslinjer for leverandørar, dannar grunnlaget for vårt berekraftsarbeid.
I Lerum ønskjer vi å bidra til ei berekraftig utvikling. Vi er derfor opptekne av å jobbe aktivt for å fremje gode arbeids- og miljøforhold både i verksemda og hjå våre leverandørar. Arbeidet med leverandørane auka vi fokuset på i 2011, då vi meldte oss inn som medlem av Etisk handel Norge. Ved å vere medlem har vi og forplikta oss til årleg rapportering til Etisk handel Norge om vårt arbeid.
Du kan lese meir om Etisk handel Norge og arbeidet med etisk handel her: etisk handel
Rapporten vår er offentleg tilgjengeleg og kan lastast ned her: årleg medlemsrapportering.
Internasjonal leverandørkjede
Lerum kjøper råvarer og emballasje frå mange ulike land. Vi prioriterer å kjøpe kortreist, både råvarer og emballasje, når det er mogleg.
Som ein del av vår oppfølging av leverandørar, starta vi eit samarbeidsprosjekt i 2016 med fokus på arbeids- og buforhold for sesongarbeidarane hjå norske bærleverandørar. Prosjektet er lærerikt og styrkar våre leverandørforhold og gjensidige tilit, noko som er svært viktig for oss.
Etiske retningslinjer for leverandørar
Alle våre leverandørar av råvarer og emballasje er gjenstand for ein grundig godkjennings- og risikovurderingsprosess. Vi ønskjer å sikre oss at varer levert til Lerum skal vera produserte i samsvar med våre etiske retningslinjer for leverandørar. Dei etiske retningslinjene dekker grunnleggjande krav til menneskerettar, arbeidstakarrettar, miljø og antikorrupsjon i leverandørkjeda.
Våre etiske retningslinjer for leverandørar er tilgjengeleg både på norsk og engelsk.
Skap ein forskjell med val av leverandørar som har fokus på berekraft
99,3%* av våre leverandørar av råvarer og emballasje har godteke retningslinjene for etisk handel. Vi arbeidar for å nå 100%.
I tillegg har mange av desse leverandørane sosial- eller miljøsertifisering, eller er ein del av ein global medlemsorganisasjon som har fokus på menneskerettar, arbeidstakarrettar, miljø og antikorrupsjon. Her er nokre døme på slik sertifisering/medlemsorganisasjon:
* % basert på 2020 innkjøpsvolum av råvarer og emballasje.