Lerum
Lerum Fabrikker AS /
Lerum Konserves AS
Postboks 159, 6851 Sogndal

Telefon: 57 62 80 00
Telefax: 57 62 81 01
E-post: post@lerum.no

Gasta

Admin

Lerum - Historie med tradisjon og kvalitet

1950

Karl Lerum tok over som 2. generasjon og firmanamnet var A/S Lerums Saftfabrik.

1964/-69

Ny syltetøyfabrikk og kontorfløy vart bygd i Sogndal i 1964, og i 1969 vart fabrikken utvida.

1970

3. generasjon ved Kåre og Bjarne Lerum overtek den daglege drifta.

1974/-79

Lokala i Fjøra vart for små for verksemda, og i 1974 kjøpte Lerum eigedomane til Sognefjordens Uldvarefabrik. Anlegget, som ligg på Foss i Sogndal, vart bygd ut til ein moderne saft- og brusfabrikk. Produktsortimentet vart på den tida merkevarene Pepsi Cola og 7-Up, + Lerum sitt eige sortiment av saft, brus og cider.

1982

Lerum kjøper tidlegare Drægnis på Hermansverk, effektiviserte fabrikken og heldt fram med syltetøyproduksjon der til 1991. I 1984 starta vi opp med produksjon av 1-liter juice på Hermansverk.

1990

Omsynet til morgodagens miljøkrav førte til at Lerum i 1987 var blandt initiativtakarane til bygging av ein spesialfabrikk for produksjon av miljøvenlege PET-flasker. Polytech Inc. AS vart skipa og eit moderne industribygg av høg standard vart oppført på Kaupanger Industriområde. I 1990 overtok Lerum Polytech Inc. AS.

1990

I 1990 vart det føreteke ei total fornying av fabrikkanlegget på Hermansverk. Det vart sett inn moderne maskiner for produksjon av 0,5 l og 1,5 l brus på returflasker, i tillegg til juice.

Returflaskene er laga av miljøvenleg plastmateriale og kan fyllast opp til 20 gonger før dei vert resirkulerte. Sommaren 1991 vart fabrikken re-opna.

1993

Lanseringen av brus på returflasker viste seg å ta over marknaden fullstendig i høve til glasflasker. Avdelingen på Hermansverk kunne ikkje dekke etterspurnaden. For å halde posisjonen i marknaden, måtte produksjonen aukast. Kåre og Bjarne Lerum byrja å planlegge eit nytt produksjonsanlegg. Anlegget vart oppført på rekordtid, og sommaren 1993 sto det ferdig på Kaupanger industriområde. Anlegget var på 17 000 kvadratmeter og hadde 3 tappelinjer.

1997

I 1997 vart syltetøyfabrikken i Sogndal modernisert med nye produksjonslinjer.

Dette året var Lerum 90 år, og den første saftfabrikken på Sørheim vart restaurert og opna som museum.

Alt av gamalt utstyr vart funne og sett på plass att.

1997

Startar produksjon av Private Label for daglegvarekjedene NorgesGruppen og COOP.

Vi avslutta samarbeidet med PepsiCo, og måtte få opp att volumet av brus. Vi leigetappa Pepsi ut året 1998.

1998

Kostnadane ved å drive produksjon av brus både på Kaupanger og Hermansverk vart for store, og all produksjon flytta til Kaupanger i desember 1998.

Anlegget på Kaupanger vart utvida med nytt ferdigvarelager og nytt lager til Polytech. Arealet auka no frå 17 000 til 21 540 kvadratmeter, og hadde no 7 produksjonslinjer.

2002

I 2002 vart dei første robotane for pakking installert på fabrikkanlegget i Sogndal. Sukkerhantering og Kokeri vart automatisert i 2003, og gjorde kokeprosessen enklare og mindre arbeidskrevjande.

2003

Landhandelen som Nils og Kari Lerum opna i 1906 vart restaurert og opna som museum. Saman med saftmuseet er dette i dag eit industri- og handelsmuseum.

2004

I år 2004 vart det investert i nye maskiner og nytt utstyr. Ei ny maskin for 1,5 l juice m/skrukork vart sett inn i ein heilt ny produksjonshall for juice på Kaupanger. I tillegg førte krav frå kundane til at vi måtte investere i nytt merkesystem (EAN-128) og ny kvalitetsstandard (BRC - British Retail Consortium). Anlegget er med dette svært automatisert og tilpassa framtida.

2005

Generasjonsskifte i Lerum. Den 9. desember 2005 overtok 4. generasjon Lerum aksjane i Lerum AS.

2007

Lerum feira 100 års jubileum. Lerum er ein av få bedrifter som kan feira 100 år som privateigd familiebedrift.

2008

Lansering av nye sukkerfrie produkt, og spesielt Lerums Utvalde syltetøy skapar framgang og gode resultat for Lerum. Trine lerum Hjellhaug overtek som adm.dir. etter Jan Petter Vadheim.