Lerum deltek i traineeprogram
29.12.2009
Ei rekkje verksemder i Sogn og Fjordane deltek i ordninga, og i Lerum er det FOU- og kvalitetsavdelinga som har ansvaret for trainee Ingrid Husum.
Ein trainee er ein person med bachelor- eller masterutdanning innanfor eit vidt spekter av fagområde. Den som vert tilsett må vere under 35 år og ha eit ønskje om å bu og arbeide i Sogn og Fjordane.
Framtidsfylket AS sitt traineeprogram har vore i drift nokre år no, og nye verksemder melder seg stadig på for å rekruttere kandidatar. Traineen vert tilsett for eitt år, og deltek elles i nettverk og på samlingar i regi av Framtidsfylket.
Får vist fram kompetansen sin
- Traineeprogrammet er eit flott rekrutteringstiltak som vi gjerne støttar opp om. I Lerum har vi trong for kompetent arbeidskraft i alle ledd, og ein trainee hjå oss får dermed relevante og utfordrande arbeidsoppgåver, seier FOU- og kvalitetsdirektør Merete Lunde i Lerum.
Lunde er ansvarleg for oppfølgjinga av traineestillinga, som i år er plassert på FOU- og kvalitetsavdelinga.
- Innanfor vårt arbeidsfelt treng vi spesifikk kompetanse innanfor næringsmiddelfag. Og det har vi funne i Ingrid, seier Lunde.
Flytta tilbake til saftbygda
Trainee Ingrid Husum er ei av dei som vel å flytta attende til heimstaden sin. Husum har ein bachelor i MATteknologi frå Høgskulen i Sør-Trøndelag - i tillegg til utdanning som kokk.
Ingrid fortel meir sjølv - i bloggen sin på framtidsfylket.no
Foto: Framtidsfylket
Traneeverksemder i Sogn og Fjordane 09/10:
