Lerum tek omsyn til miljøet
Lerum skal produsere trygge produkt, etter gjeldande lover og forskrifter og i samsvar med kundekrav. I val av råvarer og emballasje har vi fokus på kvalitet , miljø og matvaresikkerheit.
Grønt Punkt Norge er eit selskap som administrerer resirkulering av eingongsemballasje. På den måten vert eingongsemballasje som Lerum leverer ut i marknaden teken hand om på ein trygg måte.
Lerum er medlem av Grønt Punkt Norge, som arbeider for gjenvinning av eingongsemballasje. Dette er med og redusere avfallsmengda for eingongsemballasje på drikkekartong, glas og metallemballasje. Eit kontrollmedlemskap stadfestar at alle våre norske emballasje-leverandørar er medlemmar i Grønt Punkt Norge.
Plast og papp som vert nytta til emballasje på inngåande råvarer blir resirkulert.
Lerum nyttar gjenvinningsflasker til saft og brus. Lerum er medlem av Norsk Resirk sitt pante- og innsamlings-system for eingongs drikkevare- emballasje i Norge. Ordninga med pant og innlevering av emballasje vart innført 3.mai 1999. Det har vist seg å vere eit effektivt system for innsamling og gjenvinning av denne type emballasje.