Elevar & studentar
Eit samarbeid mellom skule og næringsliv er viktig. Verksemda får vist potensielle framtidige arbeidstakarar kva jobbmoglegheiter som finst i verksemda.
Lerum er ei verksemd som ofte blir nytta til prosjektarbeid og oppgåveskriving.
Lerum har partnerskapsavtale med Sogndal ungdomsskule, Kaupanger skule, Luster vidaregåande skule, Sogndal vidaregåande skule. I tillegg samarbeidar vi med fleire andre skular i Sogn.
Dette bidreg til å styrke samarbeidet mellom skular og næringsliv. Eit samarbeid kan inkludere bedriftsbesøk, hospitering for lærarar og utplassering for elevar. Lerum kan holde føredrag om søknad/CV.
Under menyen "Om Lerum" , vil de finne mykje informasjon om verksemda, også historien gjennom meir enn 100 år.
Har du spørsmål som du ikkje kan finne svar på i nettsida vår, ta gjerne kontakt med oss.
Send ein e-post til post@lerum.no, med ein kort beskrivelse av oppgåve/studiearbeid, så sender vi deg svar og eventuelt brosjyremateriell .